For snart 350 år sidan vart to samiske dikt omsette til latin og prenta i ei bok som handla om det nordlege Skandinavia. Dikta var eigentleg tekstar til to joikar. Desse to omsette dikta vart veldig populære blant dei som las bøker i Europa på den tida, og dei vart omsette vidare frå latin til ei lang rekkje andre språk.
Samar og nordmenn har så lenge vi veit om, levd i dei same områda, og slik vil det vera i framtida òg. Vi bør difor kjenne kvarandre si historie, kvarandre sin måte å tenkje på, kvarandre sine tradisjonar og kulturarv. Ein god måte å bli kjent med dette på er å lesa kvarandre sine forteljingar, dikt, songar og eventyr. Noko av denne samiske kulturarven er omsett til norsk. Når vi kan lesa ting på norsk som samar først skreiv eller fortalde på samisk for andre samar, får vi innsikt i noko som vi elles aldri ville ha fått greie på. Og vi vil heilt sikkert lære noko nytt om landet der vi bur.
Sjølv om samfunnsliv, språk og tradisjonar kan vera ulike, er det ofte dei same tinga som kjennest viktige for oss menneske. Til dømes likar vi nokon personar betre enn andre, kanskje blir vi til og med forelska, og alle vil vi gjerne at andre skal like oss. Slikt handla dei 350 år gamle samiske joiketekstane om òg. Kanskje var det éin av grunnane til at dei vart så populære blant boklesarar i Europa etter at dei vart omsette til latin?

Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i Guovdageaidnu-Kautokeino.