Kvifor er språket fullt av bilete?

Vi seier ofte at «tida går». Det er eigentleg ein rar ting å seia. Tida har jo ikkje bein, og vi kan ikkje sjå med augo våre at tida spaserer av garde. Likevel seier vi at ho går. Vi kan til og med seia at tida går fort eller sakte, eller at ho står still. Kvifor snakkar vi om tida på denne måten?

Sannsynlegvis snakkar vi slik på grunn av kroppen vår. Vi menneske brukar kroppen og sansane til å utforska verda, og vi har best kunnskap om det som er synleg og konkret. Det er vanskelegare for oss å forstå abstrakte saker, altså saker vi ikkje kan sjå eller ta på. Derfor har vi lært oss eit lurt triks: Når vi skal forstå abstrakte saker, brukar vi fantasien vår og ser for oss at det abstrakte er ein konkret ting. Tida er veldig abstrakt og vanskeleg å forstå seg på, men når vi førestiller oss at ho er ein konkret ting som kan røra seg, blir det lettare for oss å tenkja på og snakka om tida.

Det å omtala ein ting som ein annan ting blir kalla metafor eller bilete. Både hjerneforskarar og skuleelevar og alle andre brukar metaforar, ofte utan å merka det. Når vi seier at vi blir «tiltrekte» av nokon, omtaler vi kjærleiken som ein slags magnet eller fysisk kraft. Når vi seier at nokon «sløser bort tid», omtaler vi tida som pengar. Når vi seier at vi skal «tyggja på» eit forslag og «sluka» ei bok, blir forslaget og boka omtalt som mat.

Oppgåver:

  1. Metaforar er ofte eit godt hjelpemiddel for tanken, men nokre gonger er metaforane vanskelege å forstå. Skjønar du kva desse formuleringane tyder? «Ekteskapet gjekk i oppløysing.» «Dei gav meg ei kald skulder.» «Det var berre tomme ord.»
  2. Dra ein strek mellom dei uttrykka som tyder det same. Til dømes: «Ha mange jern i elden» tyder at ein har mange oppgåver samtidig.

«ha mange jern i elden» – tenkja klart

«falla for nokon» –   ha/gjera mange oppgåver samtidig

«ta beina på nakken» – bli interessert eller forelska i nokon

«halda hovudet kaldt» –        vera veldig oppteken av noko

«vera samansveisa» – skunda seg bort, springa fort

«brenna for noko» –   bli lurt

«kjøpa katta i sekken» – vera gode vener

Kristin Fridtun (31 år) bur på Lillehammer og jobbar som forfattar. Ho har studert norsk, norrønt og latin på universitetet. Mange av bøkene hennar handlar om språk, til dømes Språket er ei bukse – om biletbruken i norsk språkdebatt (2019).

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: