Emojiar

Sjimpansen øvst til venstre på Bilete 1 er leiken – og han øvst til høgre er redd. Desse nære slektningane våre har mange ansiktsuttrykk – men vi har endå fleire, mellom anna fordi vi brukar både munnen og auga. Fjesa på Bilete 2 og Bilete 3 smiler begge to, men ikkje like hjarteleg!

Sjimpansane kommuniserer med ansikt, hender og lydar. Det gjer vi òg, men dessutan snakkar vi – noko vi har gjort i mange hundre tusen år.

Og for 5000 år sidan begynte folk å skrive. I Mesopotamia fann dei opp kileskrifta (Bilete 4), og kort tid etter skapte egyptarane hieroglyfane (Bilete 5). Rundt 1000 år etter det igjen dukka den fyrste alfabetiske skrifta (Bilete 6) opp i Egypt. Skrift blei også funnen opp i Kina og Mellom-Amerika.

Bilete 1

Bilete 2 og 3

Bilete 4

Bilete 5

Bilete 6

Når to menneske snakkar saman, bruker dei arm- og handrørsler (dei gestikulerer, som vi seier), eitt ansiktsuttrykk glid over i eit anna, og stemmene vekslar i styrke og tonehøgd. Når vi derimot skriv, får vi berre med oss orda. Kvar har det blitt av alt det andre i tekstane på Bilete 4–5? – eg tenkjer nettopp på gestikulering, ansiktsuttrykk, stemmestyrke og tonegang. Det manglar. Difor trur mange at sjølve språket vårt ikkje er anna enn ord som følgjer etter kvarandre.

Tenk berre på eit lite ord som ja. Når vi skriv, kan vi få fram litt variasjon ved å skrive ja!ja? og ja!? – men det blir ei bleik avskygging av mangehundretusenårig menneskeleg kommunikasjon. Kva gjer vi til dømes med fjeset når vi seier ja?

På 1990-talet fann japanarane opp emojiane – som snart spreidde seg til heile verda. No varierer vi mellom «skrivemåtane» i Bilete 7 – og haugevis med andre. Det er kjekt å kunne slengje på ein blid emoji for å ikkje bli oppfatta som sur – og vi gjer det støtt når vi pratar!

Bilete 7

Dersom kona mi skriv ei melding til sonen vår og fortel at «pappa har akkurat kome heim 😊», håpar og trur eg at han – og eg 😉 – vil ta det penare enn om ho skriv «pappa har akkurat kome heim 🙄».

Har emojiane dekt eit behov som alt var der, eller har det skapt eit behov? Truleg begge delar. Folk byrja temje hesten og ride på han for 6000 år sidan, men det er berre litt over 2000 år sidan dei fann opp salen. Dekte salen eit behov, eller skapte han eit? Begge delar igjen.

Emojiane gjer den skriftlege kommunikasjonen rikare. Somme er redde for at det skal gjere skriftspråket – eller språket sjølv – fattigare. Slike reaksjonar høyrer vi kvar gong ungdomen finn på noko nytt 🧐. Men ta det med ro. Talespråket toler å slå følgje med eit smil – og skriftspråket er ikkje mindre selskapleg 😄!

Oppgåver og refleksjonsspørsmål

1. Kan du prøve å skildre kjenslene som alle ja-a i Bilete 7 uttrykkjer?
2. Sjå på Bilete 2 og Bilete 3. Kva for eit smil synest du er mest hjarteleg? Kvifor?
3. Kan du tenkje deg kva er grunnen kan vere til at somme er redde for at emojiane skal gjere skriftspråket – eller språket i det heile – fattigare?
4. Har du høyrt om andre grunnar til at somme er redde for at språket skal bli fattigare?
5. I teksten står det: «Når to menneske snakkar saman, gestikulerer dei, eitt ansiktsuttrykk glid over i eit anna, og stemmene vekslar i styrke og tonehøgd.» Kan du forklare kva forfattaren meiner når han skriv at berre orda er med i skriftspråket, og alt det andre manglar?
6. Sjølv om det er greitt å bruke emojiar i mange samanhengar, passar dei ikkje over alt. Synest du dei passar dårlegare i ei mattebok enn i ei diktsamling? Passar dei betre i sms-ar enn i jobbsøknadar? Kan du grunngje synspunkta dine?

Rolf Theil er professor emeritus (pensjonert professor) i allmenn og afrikansk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. I studietida på 1960- og 1970-talet tok han eksamen i kinesisk, samisk og allmenn språkvitskap. Seinare har han mest forska på afrikanske språk, men også mellom anna på amerikanske urfolkspråk (indianarspråk) og romani, språket til romanifolket (taterane).

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: