Om å lære samisk frå kart

I Nord-Noreg er det ein by som på samisk heiter Girkonjárga.

I store delar av Noreg finn vi samiske namn på elvar, bekker, fjell, dalar, bygder og byar. Nokon stader har to namn, eitt namn på samisk og eit anna på norsk. Til dømes heiter kommunesenteret i Porsanger kommune i Finnmark «Leavdnja» på samisk og «Lakselv» på norsk. Det er då slik at når folk snakkar samisk med kvarandre, seier dei «Leavdnja» om denne plassen, når dei snakkar norsk med kvarandre, kallar dei plassen «Lakselv».

Mange stader i naturen har samiske namn utan at det finst noko norsk namn i tillegg. Difor kan det vera nyttig for alle å kunna samiske ord når ein til dømes skal lesa kart, slik at ein ikkje misforstår namnet på ei elv, og trur at det er namnet på eit fjell.

Når vi studerer eit godt kart over Finnmark, vil vi finne mange namn som sluttar på «johka» og mange som sluttar på «várri». Det første betyr «elv» på norsk, og det andre betyr «fjell». Ved kysten er det mange namn som sluttar på «njárga» som betyr «nes» og «vuotna» som betyr fjord.

«Girku» er det nordsamiske ordet for «kyrkje». Desse to orda («girku» og «kyrkje») liknar på kvarandre fordi både det samiske og det norske ordet kjem frå det gamle greske ordet «kyriakon». Når akkurat dette er nemnt, kan du lesa heile dette stykket ein gong til. Gøymt i teksten ligg det nok informasjon til å finne ut kva  byen Girkonjárga heiter på norsk.

Greier du å finne ut dette, er du allereie i gang med å lære samisk.

Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i Guovdageaidnu-Kautokeino.

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: