Kvifor skal vi læra nynorsk?

Mange elevar lurer på kvifor dei skal læra nynorsk, men det er nesten ingen som lurer på kvifor dei skal læra bokmål. Grunnen er nok at bokmål er det vanlegaste skriftspråket i Noreg. Det som er vanlegast, blir gjerne oppfatta som normalt og sjølvsagt. Alle forstår at det er viktig å læra bokmål, for bokmål er språket til fleirtalet, og vi møter bokmålet overalt.

Kva med nynorsken? Det er ganske mange som skriv nynorsk også. Om lag 600 000 norske språkbrukarar – over ein halv million – har nynorsk som sitt skriftspråk. Over hundre norske kommunar har nynorsk som administrasjonsspråk, og mange store bedrifter (som Lerum AS og Fjord1) har nynorsk som arbeidsspråk. Det hender ofte at vaksne bokmålsbrukarar får jobb i ei bedrift som bruker nynorsk. Då er det ein fordel at dei har lært nynorsk på skulen, sånn at dei slepp å læra eit nytt skriftspråk samtidig som dei startar i ein ny jobb.

Bokmål og nynorsk er offisielle skriftspråk som blant anna blir brukt i politikken, skjønnlitteraturen, rettsvesenet og samfunnsdebatten i Noreg i dag. Derfor er det viktig at vi lærer å lesa tekster på begge språka. Men er det viktig at vi lærer å skriva begge to? Ja, for når vi prøver å skriva på eit anna språk enn det vi bruker til vanleg, samanliknar vi det nye språket med det språket vi kan frå før – ofte utan å merka det. Det kan vi læra mykje av. Vi kan faktisk bli betre i bokmål av å læra nynorsk, og betre i nynorsk av å læra bokmål.

Refleksjonsspørsmål:

1 Ein del bokmålsbrukarar seier «norsk og nynorsk» i staden for «bokmål og nynorsk». Kvifor gjer dei det, trur du?

2 Nokon meiner at vi ikkje treng det norske språket, og at vi heller bør gå over til å bruka engelsk. Kva synest du om det forslaget?

Kristin Fridtun (31 år) bur på Lillehammer og jobbar som forfattar. Ho har studert norsk, norrønt og latin på universitetet. Mange av bøkene hennar handlar om språk, til dømes Nynorsk for dumskallar (2013), som er ei innføringsbok i nynorsk.

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: