Lurer du på kva «bok» heiter på norsk teiknspråk? Då kan du gå inn på www.tegnordbok.no og skrive inn «bok» der og få opp ein liten videosnutt som viser teiknet som tyder «bok». Først held du handflatene dine saman i lufta framfor brystet, slik at fingrane peikar rett fram og tommelfingersida av hendene er øvst, og så «opnar» du hendene ved å fjerne tommelsidene frå kvarandre medan lillefingersidene framleis rører ved kvarandre. Samstundes bevegar du leppene dine som om du skulle seie det norske ordet «bok». No som du har lært deg dette teiknet, kan du sjå at hendene dine «etterliknar» utsjånaden til ei bok som blir opna.
I teiknspråka er det mange teikn som liknar på det dei tyder, i alle fall litt. Dette er annleis enn i talespråka. Grunnen er nok at mange av dei tinga vi snakkar om til dagleg, til dømes bøker og hus, har ein typisk utsjånad, som kan «etterliknast» av teiknet. Men dei har ikkje nokon typisk lyd, så orda i talespråka liknar ikkje på dei. Kva skulle vere den typiske lyden av ei bok, eller av eit hus?
Men kva med dei tinga som faktisk har ein typisk lyd? Jo, dei har ofte ord i talespråket som liknar på lyden! Kva er lyden av ei kråke, til dømes? Og korleis høyrest eit dunk ut? Ordet liknar på lyden, i alle fall litt.
Refleksjonsspørsmål:
1. Prøv å gisse korleis ein seier slike ting som å symje, greie håret og pusse tennene på norsk teiknspråk. Dette er handlingar som inneber typiske handrørsler.
2. Prøv å kome på fleire norske ord som liknar litt på lyden dei uttrykkjer.

Arnfinn Muruvik Vonen er utdannet lingvist (språkviter) og har jobbet ved OsloMet – storbyuniversitetet som professor siden 2015. Her underviser han mest studenter som skal bli tegnspråktolker. Han er også opptatt av språk mer generelt. Arnfinn har fem barn og fire barnebarn.