Er nynorsk vanskeleg?

Det korte svaret er nei. For når vi samanliknar nynorsk med andre språk i verda, ser vi at nynorsk er eit heilt vanleg språk med ein heilt vanleg oppbygning. I nynorsk har vi for eksempel substantiv, adjektiv og verb, akkurat som i andre språk.

            Nynorsk og bokmål er ulike fordi nynorsk byggjer på norske dialektar, medan bokmål byggjer på dansk. På bokmål heiter det for eksempel kommer, som på dansk. Men i dei aller fleste norske dialektar heiter det kjem eller noko som liknar på kjem (som kjeme, kjøm og kjæm). Derfor heiter det kjem på nynorsk. Eit anna eksempel er at det på nynorsk heiter veke i staden for uke. «Neste veke reiser vi på tur.» «Vi har fotballkamp denne veka.» Nokon synest at veke er eit rart og vanskeleg ord. Men kvifor synest dei det?


            Dersom vi ser på språka i Norden og Nord-Europa, ser vi at ordet for ‘sju dagar’ ofte startar på v eller w: Det heiter week på engelsk, vecka på svensk, Woche på tysk, vika på islandsk og færøysk og viikko på finsk. Og så heiter det veke på nynorsk. Det er vel ikkje noko rart med det? Eigentleg er det bokmålsordet uke og det danske ordet uge som er litt rare, for dei startar på u!

            Det språket vi møter oftast, er lettast å læra. Nettopp derfor synest dei fleste at bokmål er lett. Vi ser bokmål overalt, kvar dag. Dersom nynorsk hadde vore det vanlegaste skriftspråket i Noreg, hadde folk tenkt at nynorsk var lett, og at bokmål var vanskeleg og rart.

Refleksjonsspørsmål

1 Nokon synest at det er lettare å læra engelsk enn å læra nynorsk. Kva er grunnen til det, trur du?

2 Kva synest du om at bokmål er mykje meir brukt enn nynorsk?

3 Kva kan vi gjera for å bli gode i nynorsk?

Kristin Fridtun (31 år) bur på Lillehammer og jobbar som forfattar. Ho har studert norsk, norrønt og latin på universitetet. Mange av bøkene hennar handlar om språk, til dømes Nynorsk for dumskallar (2013), som er ei innføringsbok i nynorsk.

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: