Ein farleg julenisse

Det finst fleire typar julenissar, og det kan vera nyttig å vita forskjellen mellom dei. Vi skal her sjå på tre typar.

Den første typen er kledd i raude klede, han seier «ho, ho» og slikt. Før jul kan du treffe han på kjøpesentera. Den raude nissen er opphavleg kommen hit til landet frå USA, og han er no den vanlegaste julenissen hos oss. Denne typen nisse er heilt ufarleg.

Dei to andre nissetypane, den samiske og den norske, fanst her i landet før den amerikanske kom. Den norske nissen held til i fjøset. Han kan vera snill og stelle fint med dyra der, men berre dersom folk er snille med han. Han blir lett fornærma, og da kan han hemne seg både på folk og dyr. Difor er det viktig å setja ut graut til han i jula. Graut er det beste han veit, og når han får det, kan vi håpe på at han oppfører seg fint ei stund.

Den farlegaste typen nisse er den samiske. Denne nissen blir i dag kalla juovlastállu på nordsamisk («juovllat» betyr jul, og «stállu» er eit slags troll). Når juovlastállu besøkjer folk, kjem han køyrande med stálloráidu («ráidu» er ei rekkje med reinsdyr).

I jula fer den samiske nissen rundt hos folk og kontrollerer at alt er ryddig og reint, både inne og ute, og han passar på at folk ikkje brukar juledagane til å arbeide. Det er viktig å setja fram reint vatn til han før han kjem, slik at han får drikke. Folk må òg ordne med noko som han kan binde fast reinsdyra sine i.  Dersom ikkje alt slikt er i orden, kan han ta forferdeleg hemn.

Juovlastállu har teke med seg mange barn fordi han ikkje var fornøgd med korleis dei oppførte seg i jula. Ingen veit kor desse barna er no.

Refleksjonsspørsmål:

  • Kva for ein nisse vil de helst ha besøk av i jula? Den amerikanske, norske eller samiske?
  • Kor trur de det norske ordet «nisse» kjem frå? Prøv å finn det ut ved å søke opp i ordbøker og på nett.
  • Vi veit at den amerikanske nissen er kledd i raude klede, men kvifor går han i raudt? Søk og sjå om de kan finne ut kvifor!
  • Prøv å finn ut korleis den norske og den samiske nissen ser ut.


Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i Guovdageaidnu-Kautokeino.



Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: