Du har kanskje høyrt om det nordamerikanske cree-folket. Før kalla vi dei for ein «indianarstamme», men sjølve likar dei betre at vi kallar dei eit urfolk – eller First Nation, som det heiter på engelsk. Her er eit ord på cree: ᒪᓂᑐᐏᑮᓯᑳᐤ. Cree-folket skriv språket sitt med ei eiga skrift som eg reknar med at du ikkje kjenner, så lat meg skrive det om att med latinske bokstavar: manitowikīsikāw. Og det tyder ‘det er jul’! Når cree-folk skal snakke om jula, brukar dei eit verb, og bokstavleg tyder det ‘det er gudedagen’.
Lat oss gjere eit stort hopp, til Kina. På det største kinesiske språket, mandarin, kallar dei jula for 圣诞节. Atter ei framand skrift, så lat meg skrive dette òg med latinske bokstavar: shèngdànjié. Bokstavleg tyder det ‘heilag-fødsel-fest’.
Når vi fyrst er i Aust-Asia, kan vi undersøkje kva koreanarane kallar jula. Det viser seg at dei seier 성탄절. Ei framand skrift her òg, men slik blir det med latinske bokstavar: seongtanjeol. Koreanarane har lånt ordet sitt for jul frå kinesisk, så dette ordet tyder også ‘heilag-fødsel-fest’. Men koreanarane seier også 크리스마스 – eller keuriseumaseu – og du skjønar kanskje at dei har fått dette ordet frå engelsk?
På Hawaii heiter jula kalikimaka – også eit lån frå engelsk. På hawaiisk finst det verken r eller s, så dei brukar l og k i staden.
Så tek vi oss ein tur heim til Europa, og ser kva folk kallar jula her. Du veit at ‘jul’ heiter Christmas på engelsk – og bokstavleg tyder det ‘Kristusmesse’. Også i Nederland kallar dei jula for ‘Kristusmesse’ – eller Kerstmis, som er den ordentlege nederlandske forma. Tyskarane kallar jula for Weihnacht (eller Weihnachten) ‘heilagnatt’, mens italienarane seier natale, som eigentleg berre tyder ‘fødsel’. Også russarane kallar jula for ‘fødsel’ – eller рождество, som dei skriv det. Oi, endå ei framand skrift! Med våre latinske bokstavar blir det roždestvo.
Men kva kallar vi jula her i Norden? Her er ei liste:
islandsk | jól | svensk | jul | sørsamisk | jåvle |
færøysk | jól | dansk | jul | pitesamisk | jåvvlå |
nynorsk | jol / jul | finsk | joulu | lulesamisk | javlla |
bokmål | jul | kvensk | joulu | nordsamisk | juovla |
Folk utanfor Norden omtalar jula med eit ord som fortel at ho har å gjere med Kristus eller kristendomen. Men ikkje vi! Ordet jul er opphavleg namnet på ein stor heidensk fest som blei feira ved vintersolverv. (Jol er forresten den gamle norske forma, og jul har vi lånt frå dansk.)
I fleire tusen år før kristendomen kom til Norden, drakk folk juleøl til minne om dei gamle heidenske gudane – Odin, Tor, Andrimne, Brage, Skade, Ty, Frøya, Njord, Høne, Heimdall, Mime, Loke og alle dei andre – og kanskje for å gle seg over at sola «snudde». Då kristendomen kom, heldt vi fram med å feire jul, med det same gamle namnet – men no blei det ein fest til minne om Kristi fødsel.
Oppgåver og refleksjonsspørsmål
1. Nedanfor ser du ordet for ‘jul’ på japansk, arabisk, hebraisk, gresk, fransk og spansk. Greier å finne ut kva som er kva?
1 | عيد الميلاد ‘Īd almīlād | 4 | חג המולד Khag hamolad |
2 | Noël | 5 | Navidad |
3 | Χριστούγεννα Khristújena | 6 | クリスマス Kurisumasu |
2. For ikkje så veldig lenge sidan gjekk ungane julebukk i romjula. Det er ein veldig gamal tradisjon i nordiske og baltiske land. Dei kledde seg ut og gjekk frå dør til dør og fekk kaker og anna godteri. Då eg var gut på 1950-talet, gjorde vi det kvart år. No er denne skikken på veg ut, fyrst og fremst fordi halloween-feiringa har kome inn i staden. Kva synest du om det?
3. Det viser seg at julebukk og jålebukk er det same ordet historisk! Jålebukk er ein gamal austlandsk uttale av ordet julebukk. Mange andre stader i landet er den gamle uttalen jolebukk. I dag tyder jålebukk ein person som spjåkar seg til. Skjønar du korleis ordet har fått denne tydinga? Kva er likskapen mellom ein julebukk og ein jålebukk?

Rolf Theil er professor emeritus (pensjonert professor) i allmenn og afrikansk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. I studietida på 1960- og 1970-talet tok han eksamen i kinesisk, samisk og allmenn språkvitskap. Seinare har han mest forska på afrikanske språk, men også mellom anna på amerikanske urfolkspråk (indianarspråk) og romani, språket til romanifolket (taterane).