Av og til møter eg folk som blir overraska når eg fortel dei at det finst mange teiknspråk rundt om i verda, nett som det finst mange talespråk. Vi veit ikkje heilt kor mange teiknspråk som finst, men det er i alle høve langt over hundre.
Eigentleg er det ikkje noko rart at folk som veks opp på ulike stader, pratar ulike språk. Sjølv om mange av teikna i teiknspråka liknar litt på det dei tyder, er teikna likevel ulike kvarandre. Til dømes har norsk teiknspråk eit teikn som tyder «tre», der den eine handa liksom er bakken, medan den andre underarmen står loddrett på denne «bakken» med olbogen ned. Samstundes «vaiar» handa på toppen som om ho var ei trekrone i vinden. Kinesisk teiknspråk har eit heilt annleis teikn som tyder «tre», der tomlane og peikefingrane liksom held rundt ei trestamme og blir flytta oppover langsetter denne stamma.
Hadde det ikkje vore betre om alle i heile verda kunne halde seg til eitt og same teiknspråk, slik at alle kunne prate med kvarandre, spør du kanskje. Men ein treng jo ikkje slutte å bruke sitt eige språk for å kunne prate med folk frå ein annan stad. Det held at ein lærer seg eitt eller fleire språk i tillegg til sitt eige. Mange som er vane med å møte teiknspråkbrukarar frå ulike land, bruker dessutan såkalla «internasjonale teikn», eit slags blandingsspråk som ikkje er morsmålet til nokon.
Refleksjonsspørsmål:
- Kvifor trur du nokon blir overraska når dei får vite at det finst mange teiknspråk i verda?
- Korleis trur du folk ville reagert om nokon gjorde framlegg om å gå over til å bruke berre eitt talespråk i heile verda, slik at alle kunne prate med kvarandre?

Arnfinn Muruvik Vonen er utdanna lingvist (språkvitar) og har jobba ved OsloMet – storbyuniversitetet som professor sidan 2015. Her underviser han mest studentar som skal bli teiknspråktolkar. Han er òg oppteken av språk meir generelt. Arnfinn har fem barn og fire barnebarn.