Identitet

Ordet identitet kjem av det latinske ordet idem som betyr den eller det same. Det same som kva, kan vi spørje. Å svare på dette spørsmålet er ikkje så enkelt, for det er iallfall to ulike syn på kva identitet eigentleg er. Vi kan ta til med å seie at identitet er det i deg og meg og oss alle som gjer oss til den spesielle personen kvar og ein av oss er. Så vi kan altså snakke om vår personlege identitet. Din personlege identitet er det i dag som gjer deg til deg. Dei to ulike syna på identitet kjem av at nokon meiner at vi har ei stabil identitetskjerne i oss livet igjennom, frå fødselen av og heilt til vi blir gamle, mens andre meiner at vi formar og utviklar identiteten livet igjennom; identiteten er altså inga stabil og uforanderleg kjerne, men kan skifte over tid.

Så du er altså den same som deg sjølv, men du kan også føle deg om lag den same som dei andre i gruppa du identifiserer deg med, dei du liknar, familien din, vennene dine, dei du vil vere lik. Det kallar vi gruppeidentitet eller sosial identitet.

Det er i møte med andre at vi erfarer vår eigen identitet. Vi blir nemleg påverka av korleis andre oppfattar oss. Det skjer ofte umedvete. Vi skal i seinare språkspalter sjå at dette har mykje å seie for korleis vi snakkar, i det heile for korleis vi bruker språket vårt. Språk og identitet heng nemleg nøye saman.

Refleksjonsspørsmål:

1. Føler du deg heile tida som den same personen, eller opplever du at identiteten din skiftar, f.eks. når situasjonar skiftar?

2. Synest du at ulike andre personar kan påverke kjensla di av kven du er?

3. Om du gjer det, på kva måte skjer det?

Tove Bull er professor emerita (pensjonert professor) i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho er først og fremst sosiolingvist, og har forska på nordnorske språkforhold, språkkontakt mellom norsk og samisk, fleirspråklegheit, språk og kjønn og språkhistorie.

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: