Folkeeventyr er forteljingar som er fortalde frå generasjon til generasjon gjennom lange tider. Mange slike eventyr er skrivne ned så vi kan lesa dei, og ikkje berre høyre dei fortalt. Det er vanleg at barn og vaksne i Noreg kjenner til norske folkeeventyr, og det er frå folkeeventyra at vi har kunnskapen vår om troll, hekser, underjordiske og andre vesen som lever rundt oss. Dette er viktige ting å kjenne til, særleg fordi nokre av desse skapningane er så farlege.
Blant samar er det sterk tradisjon for å fortelja eventyr. Mange samiske eventyr er også skrivne ned, og nokre av desse er omsette frå samisk til norsk, slik at fleire kan lesa dei. Av dei samiske eventyra kan vi lære at det finst endå fleire vesen rundt oss enn dei som vi kjenner frå før.
Det finst til dømes ein stygg og veldig farleg skapning som lever i vatn og som fangar og tek med seg barn som kjem for nær djupe og strie elvar. Dette farlege vesenet heiter Čáhcerávga. Alle samiske foreldre kjenner til Čáhcerávga, og dei fortel om han til barna sine så barna kan passe seg for å gå til plassar der denne skapningen er.
Den som les eller høyrer samiske eventyr, kan lære mykje nyttig både om Čáhcerávga og andre skapningar. Til dømes kan vi lære om Stállu som er eit slags troll, men som likevel er ulik dei norske trolla. Det må vi alle vera klar over når vi møter Stállu, for Stállu oppfører seg ikkje som andre troll.
Det beste er om du sjølv kan studere samiske eventyr slik at du lærer meir om det som finst rundt oss her i landet.

Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i Guovdageaidnu-Kautokeino.