Samefolkets dag

Mandag 3. februar åpnet vi for spørsmål om samisk språk og kultur. I kommentarfeltet under kan du lese spørsmålene vi fikk inn. Her kan du blant annet lese om hvordan vår spaltist Jon Todal feirer samefolkets dag.

Vi har samlet Jon Todal sine tidligere spalter om samisk språk og kultur her!

Har du lest spaltene hans?

Om samiske folkeeventyr

En farleg julenisse

Om å lære samisk frå kart

Kvifor lesa samisk litteratur på norsk:

Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i Guovdageaidnu-Kautokeino.

14 kommentarer om “Samefolkets dag

    1. Hei Michelle
      Tusen takk for godt spørsmål!

      I samiske bygder er det ein lang tradisjon for å tilpasse namn frå andre språk til samisk. Norske namn som Kirsten, Marit, Jon og Per, blir då uttala Risten, Máret, Joavnna og Piera. På samisk blir namn bøygde slik som andre ord, og for å få til dette, må ein tilpasse dei til ein samisk måte å seia orda på.

      Du spør om Nora og André. Nora er eit namn som passar godt inn i det samiske systemet, og treng ikkje endrast. Det høyrest ut som eit ekte samisk namn sjølv om det kjem frå eit anna språk. André derimot blir det vanskeleg å bøye på samisk. Samiske ord har aldri trykk på andre stavinga slik dette namnet har. Dersom André hadde budd i det nordsamiske området, vil eg tru at han hadde vorte kalla Ándde (eller Ante), med trykk på første delen av namnet.

      Det er også ein lang tradisjon for å tilpasse namn på kjende plassar til samisk. Det er interessant at du spør om namnet Oslo fordi det akkurat no går ein hard diskusjon om kva Oslo bør heite på samisk. Skulle ein skrive den norske uttalen av Oslo etter nordsamisk rettskriving, ville det bli Ušlu. Men Oslo ligg jo nærast det sørsamiske området. Nokon hevdar no at Oslo har vorte kalla Oslove på sørsamisk. Dette får ein del til å tenkje på Os-love (engelsk for kjærleik), og her går diskusjonen vidare.
      Det er meininga at Oslo skal få eit offisielt namn på samisk ved sida av det norske. Kva meiner du at byen bør heite på samisk?

      Helsing Jon Todal

      Liker

    1. Heisann Roger!
      Takk for godt og vanskeleg spørsmål!

      Dette er eit spørsmål som veldig ofte blir stilt. Men det er òg eit spørsmål som det er vanskeleg å svara på. Arkeologane har funne ut at samane var her før den tid som vi har skriftlege kjelder frå. I store delar av det som i dag er staten Noreg, heldt samane til før det vart nokon norsk stat.
      Vi kan seia at samisk kultur og samisk språk har vakse fram her, og det er her kulturen og språket er blitt slik som vi kjenner det i dag. Ser vi slik på det, så har samane «alltid» vore her i Noreg. Men kvar forfedrane til samane heldt til for 15 000 år sidan, er like vanskeleg å svara sikkert på som spørsmålet om kvar forfedrane til nordmennene var for 15 000 år sidan.

      Den gamle historia er likevel veldig interessant å studere, og spørsmålet ditt er interessant. Men som sagt, det er vanskeleg å svara på.

      Helsing Jon Todal

      Liker

    1. Hei Mikkel!
      Når så mange kjende samar heiter Gaup til etternamn, har det nok å gjera med at Gaup er eit veldig vanleg etternamn i dei nordsamiske områda i Finnmark. Difor har du heilt rett når du samanliknar det med Hansen i norsk samanheng.

      Helsing Jon Todal

      Liker

    1. Hei Sindre!
      Takk for hyggeleg spørsmål!

      Samane feirar nasjonaldagen på mange forskjellige måtar alt etter som om dei bur i ein stor by eller ei lita bygd. Eg bur i Kautokeino i Finnmark, og her brukar vi å samlast i idrettshallen som då er pynta med samiske flagg og andre ting som symboliserer samisk kultur. Der er det talar, song og joik. Det finaste er kanskje at vi kan vera der kan eta i lag og prate. Vi et da biđus som er tradisjonell samisk festmat. I fjor var eg i Oslo på den samiske nasjonaldagen. Der var det mellom anna ein fest i rådhuset der både dronninga, kronprinsen og statsministeren var med. Så var det samisk gudsteneste i domkyrkja, og konsert med samiske artistar om kvelden.

      Helsing Jon Todal

      Liker

    1. Hei Iben!

      Samisk blir brukt over eit veldig stort område frå Kolahalvøya i Russland til Femunden i Sør-Noreg. Innanfor dette området er fleire alfabet i bruk. Samane i Russland brukar det kyrilliske alfabetet, det er det same alfabete som blir brukt for russisk, og det er veldig ulikt det norske.
      Det mest brukte samiske språket i Noreg er nordsamisk. Og det er dette samiske språket vi oftast ser og høyrer i media. Nordsamisk blir skrive med det same alfabetet som norsk, men det har nokre tilleggsbokstavar. Tilleggsbokstavane er: á,č,đ,ŋ,ŧ,š og ž. Salaby har eit eige undervisningsopplegg der ein kan lytte til alfabetet for nordsamisk. Der kan du høyre korleis dei bokstavane som eg nemnde, blir uttala.
      Det hadde vore kjempebra om alle elevar i Noreg kunne uttala dei samiske bokstavane rett. Difor er det veldig fint at du er interessert i dette!

      Helsing frå Jon Todal

      Liker

    1. Hallo Robin!

      Det finst mange slags joik, både tradisjonelle og moderne. Ein ung artist som kombinerer dette er Marja Helena Fjellheim Mortensson. Ho joikar i sørsamisk tradisjon. Du kunne kanskje begynne med å lytte på ho?

      Beste helsing Jon Todal

      Liker

    1. Hei Yngvild!
      Takk for godt spørsmål!

      Viss du ser på eit kart, vil du sjå at samisk blir snakka over eit enormt stort geografisk område. Språkforholda er då slik at folk frå den eine enden av dette området, ikkje kan forstå folk frå den andre enden. Forskjellen mellom språka i kvart sitt ytterpunkt er kanskje like stor som forskjellen som mellom norsk og islandsk. Forskjellane mellom dei samiske språka er altså mykje større enn mellom dei norske dialektane.
      Men tilhøva er likevel meir interessante enn det som eg har skrive her. For det samiske dialektområdet er eit samanhengande geografisk område der talarar av samiske nabodialektar jo mesta alltid forstår kvarandre godt. Språket endrar seg litt etter litt bortover i dette området slik at forskjellane til slutt blir så store at det blir umogleg å forstå dei som bur lengst unna.

      I min barndom hadde vi noko vi kalla kviskreleiken. Vi sat på ei lang rekkje, og den første i rekkja skulle kviskre noko i øyret på den andre i rekkja slik at ingen andre høyrde. Så kviskra den andre det som ho eller han syntest ho høyrde vidare til den tredje, den tredje til den fjerde og så vidare. Den siste i rekkja skulle da seia høgt kva ho eller han hadde høyrt. Mesta alltid vart det slik at det den siste sa, var veldig annleis enn det som den første hadde sagt.
      Kanskje ikkje så ulikt det som har skjedd innanfor det samiske området?

      Helsing Jon Todal

      Liker

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑