Nokre samiske ord i norsk

Så langt bakover i tid som vi veit om, har samar og nordmenn hatt kontakt med kvarandre. Heile tida har det funnest folk som snakka både samisk og norsk. Nordmenn har lært samiske ord av dei som var tospråklege. Her skal det handle om to samiske ord som blir brukte i norsk i dag.

I gammal tid køyrde samane i innlandet med reinsdyr, og dei brukte rein til å frakte varer. Til dette hadde dei mellom anna ein slags lukka kjelke som dei kunne legge varer i og som reinen drog etter seg i snøen.

Samane kalla denne typen kjelke for «bulkor».  Norsk hadde ikkje noko spesielt ord for denne kjelken, og nordmennene begynte å kalle den «pulk». I dag blir ordet «pulk» brukt over heile Noreg. Ordet blir til dømes brukt om den overbygde kjelken som dei vaksne dreg etter seg i snøen når dei har småungar med seg på skitur.

Samar har tradisjonelt brukt ein type telt som har lange teltstenger reiste i ein stor ring. Stengene går saman i toppen. Teltet har eit bål midt i og ein opning heilt oppe slik at røyken frå bålet slepp ut. På samisk blir denne telttypen kalla «lávvu». Dette ordet har òg gått inn i andre språk, og på norsk blir slike telt gjerne kalla «lavvo» i dag.

Det finst fleire samiske ord i norsk enn «pulk» og «lavvo». Nokon meiner at det norske ordet «rev» òg kjem frå eit samisk ord. Det var vanleg at nordmenn kjøpte reveskinn av samar i gamle dagar, og «rev» heiter «rieban» på samisk. Nordmennene kjøte skinnet, og dei fekk ordet med på kjøpet. Dette veit ingen heilt sikkert, men kva trur du?

Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i Guovdageaidnu-Kautokeino.

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: