Det finst mange grunnar til at vi låner ord frå andre språk. Somtid lurar eg nesten på om det berre er jåleri, som når nokon seier shoulderbag og blame – uttala [bleime] – i staden for skulderveske og klandre.
Andre gonger låner vi ord for å unngå daglegdagse ord vi er redde skal verke upassande – som når vi seier urin i staden for piss eller ekskrement i staden for skit. Dette kallar vi eufemisme – det å velje andre ord som skal verke mildnande eller mindre direkte. Av og til vel vi berre alternative norske formuleringar, som når vi seier gå bort i staden for døy.
Ein viktigare grunn til at vi låner ord frå andre språk, er alle nye tekniske oppfinningar som vi ikkje har ord for frå før. Lat oss ta eit litt gamalt døme – telefon. Det er uklart kven som skal ha æra av å ha funne opp telefonen – men alle tok i bruk det franske ordet téléphone, som blei laga i 1834 av den franske musikaren og oppfinnaren Jean-François Sudré.
Men Sudré brukte eigentleg ordet téléphone om noko heilt anna. Han laga eit kunstig språk som han kalla téléphone! Dette språket blei ikkje skrive med bokstavar, med med notar, så ein kunne spele det på eit musikkinstrument.
Ordet téléphone var laga av gresk tele ‘fjern’ og fone ‘lyd’, og vi kunne ha laga fjernlyd, slik vi har laga fjernsyn for televisjon, men det skjedde ikkje. Vi må ikkje låne noko som helst, men ofte synest vi det er praktisk at ting skal heite det same på norsk som på mange andre språk.
Då telefonen kom til Kina, kalla dei han délǜfēng 德律風 – som skulle likne på téléphone – men det slo ikkje an, for det lét som abrakadabra. Kinesarane er ikkje noko glade i lånord i det heile, og dei lagar heller sine eigne nemningar ved å setje saman arveord. Snart fann dei ut at det var betre å kalle oppfinninga for diànhuà 電話, med dei gode kinesiske orda diàn 電 «elektrisitet» og huà 話 «tale».
Refleksjonsspørsmål:
1. I tabellen under ser du ein del ord for meir eller mindre moderne fenomen. I norsk og dei fleste andre europeiske språk brukar vi ord som er laga av greske og latinske element. Eg har sett opp dei nordsamiske, engelske, tyske, spanske, russiske (med kyrilliske og latinske bokstavar) og islandske orda i tillegg til dei norske.
norsk | telegram | radio | elektrisk | fotografi |
nordsamisk | telegrámma | radio | elektrihkalaš | fotografiija |
engelsk | telegram | radio | electric | photograph |
tysk | Telegramm | Radio | elektrisch | Fotografie |
spansk | telegrama | radio | eléctrico | fotografía |
russisk | телеграмма telegramma | радио radio | электрический električeskij | фотография fotografija |
islandsk | símskeyti | útvarp | rafmagnaður | ljósmynd |
Du ser at islandsk skil seg ut ved at dette språket ikkje brukar dei internasjonale orda, men i staden sine eigne ord, som er laga som samansetningar av heimlege ord (arveord). Islandsk viser at vi ikkje treng å låne ord frå andre språk. Kan du tenkje deg fordelar og ulempar ved den norske og den islandske måten å gjere det på?
2. Som eg nemnde i teksten, likar ikkje kinesarane å låne ord frå andre språk. Ikkje ein gong utanlandske namn er så enkle å tilpasse det kinesiske språket. Nedanfor har eg sett opp seks norske bynamn – Lillehammer, Kristiansund, Porsgrunn, Kirkenes, Oslo og Bergen – på mandarin, det offisielle språket i Kina. Greier du å sjå kva som er kva?
奥斯陆 | Àosīlù |
波神格伦 | Bōshéngélún |
克里斯蒂安松 | Kèlǐsīdìānsòng |
离了哈默尔 | Lìlèhāmòěr |
卑尔根 | Bēiěrgēn |
西尔内克斯 | Xīěrnèikēsī |
3. Du har sikkert vore van med å bruke datamaskin heile livet. For meg er det ikkje slik. I min barndom og ungdom var datamaskinar berre nokre kjempestore greier som fylte heile rom, som berre fanst på universitet og slike stader, og som eg berre hadde sett på bilete! Det var ikkje før på 1980-talet at det blei vanleg å ha sin eigen private datamaskin, og eg kjøpte min fyrste datamaskin i 1986, då eg var førti år gamal. På norsk kallar vi denne innretninga for ein datamaskin. På ulike språk i Norden har han fått heilt forskjellige namn – sjå berre her:
norsk | svensk | dansk | islandsk | færøysk | finsk | nordsamisk |
datamaskin | dator | computer | tölva | telda | tietokone | datamašiidna / dihtor |
Danskane har med andre ord berre lånt det engelske ordet, som faktisk har blitt ganske internasjonalt. Sjå berre på desse døma:
polsk | bulgarsk | urdu | malayisk | japansk | koreansk | swahili |
komputer | компютър (kompjutǝr) | کمپیوٹر (kǝmpjuʈǝr) | komputer | コンピュ ーター (kompjūtā) | 컴퓨터 (kǝmpjutǝ) | kompyuta |
Tenk over fordelar og ulempar ved å låne det engelske ordet, slik danskane har gjort. Synest du det er problematisk at datamaskinen har fått så forskjellige namn på svensk, dansk og norsk?

Rolf Theil er professor emeritus (pensjonert professor) i allmenn og afrikansk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. I studietida på 1960- og 1970-talet tok han eksamen i kinesisk, samisk og allmenn språkvitskap. Seinare har han mest forska på afrikanske språk, men også mellom anna på amerikanske urfolkspråk (indianarspråk) og romani, språket til romanifolket (taterane).