Vi menneske likar å dela kvarandre inn i grupper. Vi skil mellom unge og gamle folk, høge og låge folk, fattige og rike folk. Vi kan òg dela kvarandre i grupper ut frå kjønn. Nokre menneske er hokjønn, andre menneske er hankjønn – og nokre menneske er begge delar eller ingen av delane.
Mange av orda vi bruker når vi snakkar om folk, finst i ein hokjønnsvariant og ein hankjønnsvariant: mor og far, jente og gut, kvinne og mann, syster og bror, tante og onkel. Vi bruker ofte desse orda når vi snakkar om folk på ein heilt vanleg måte: «To jenter sat på benken.» «Broren min jobbar der.» «Eg har fire tanter.»
Men vi kan òg bruka desse orda til å spreia fordomar om korleis kvinner og menn er. Ordet jente blir ofte brukt på ein negativ måte, til dømes er det nokon som bruker dette ordet når dei skal seia at ein person er dårleg i idrett: «Du kastar som ei jente!» «Du spring som ei jente!» Men er jenter dårlege i idrett? Nei! Jenter kan både kasta langt og springa fort.
Jenter kan spela fotball òg. Mange vaksne bruker ordet fotball når dei snakkar om menn som spelar fotball, og så bruker dei ordet kvinnefotball når kvinner spelar fotball. Slik ordbruk fortel oss at herrefotball blir oppfatta som det normale. Herrefotball er liksom vanleg fotball, medan kvinnefotball blir oppfatta som noko spesielt. Nokon meiner til og med at kvinnefotball ikkje er ordentleg fotball.
Ordet jente blir òg brukt til å snakka negativt om gutar og menn. Når ein gut er lei seg, kan det henda at nokon seier til han: «Slutt å grina! Er du jente eller?» Det er dumt å snakka sånn til kvarandre. Alle menneske kan bli så triste og redde at dei må gråta, og alle har lov til å visa kjensler.
Refleksjonsspørsmål:
1. Mange gutar blir sinte dersom nokon kallar dei jente. Kvifor det?
2. Har du nokon gong fått høyra at du ikkje er jente eller gut på «riktig» måte? Korleis kjendest det?
3. Brannmann og skravlekjerring er vanlege ord, medan orda brannkvinne og skravlegubbe nesten aldri blir brukt. Kva er grunnen til det, trur du? Er det berre menn som sløkkjer brannar og berre kvinner som skravlar?

Kristin Fridtun (31 år) bur på Lillehammer og jobbar som forfattar. Ho har studert norsk, norrønt og latin på universitetet. Mange av bøkene hennar handlar om språk, til dømes Nynorsk for dumskallar (2013), som er ei innføringsbok i nynorsk.
Kristin Fridtun (31 år) bur på Lillehammer og jobbar som forfattar. Ho har studert norsk, norrønt og latin på universitetet. Mange av bøkene hennar handlar om språk, til dømes Nynorsk for dumskallar (2013), som er ei innføringsbok i nynorsk.