Kva betyr karantene, virus og epidemi?

På 1300-talet spreidde svartedauden seg frå land til land, over store delar av verda. På den tida visste ingen korleis sjukdomar spreier seg. Mange byar vedtok likevel at folk som kom med skip frå stader der sjukdom herja, måtte isolerast ei tid før dei slapp i land. I 1448 vedtok senatet i Venezia at isolasjonen skulle vara i 40 dagar.

Då venetianarane valde nett 40 dagar, var dei nok inspirerte av Bibelen, der talet 40 går mykje att. Gud sa til Noah at han ville la det regna på jorda i 40 dagar og 40 netter. Moses var hos Herren på Sinaifjellet i 40 dagar og 40 netter då han fekk dei ti boda. Og så bortetter.

Italiensk quarantena tyder «tidsrom på førti dagar». Ordet har kome til norsk som karantene, med tydinga «isolering av mogelege smitterberarar», ikkje nødvendigvis i førti dagar.

I dag veit me at sjukdomar vert overførte mellom folk med sopp, bakteriar og virus. I desse dagar handlar mykje om eit nytt koronavirus. Det vart fyrst påvist i den kinesiske byen Wuhan – eller 武汉, om du vil! – i desember 2019.

Virus er eigentleg eit latinsk ord som tyder «gift», men på 1700-talet vart ordet teke i bruk om «ei kraft som overfører sjukdomar». Då forskarane på slutten av 1800-talet oppdaga ein mikroskopisk organisme som overfører sjukdomar som meslingar, forkjøling, influensa, polio og vorter, var det naturleg å kalla han virus.

Når ein sjukdom spreier seg blant folk, kallar me det for ein epidemi. Dette er eit gresk ord som faktisk tyder «blant folk». Går det endå verre, så sjukdomen spreier seg til heile folket, kallar me det ein pandemi. Atter eit gresk ord, og det tyder «heile folket». Ser du nærmare på orda epidemi og pandemi, ser du at dei inneheld leddet –dem-, som tyder «folk». Det kjenner du kanskje att i demokrati, det greske ordet for «folkestyre».

På mange måtar liknar orda i språket på virus. Dei er virale! Ord spreier seg frå person til person, ikkje berre gjennom samtalar, men òg via bøker, aviser, facebook, twitter, e-post, sms og mykje anna. Det er grunnen til at me har fått framandord som karantene, virus, epidemi, pandemi og demokrati. Tidleg på 1600-talet spreidde det italienske ordet quarantena seg til fransk, tysk og engelsk. Fyrst på 1700-talet smitta det over på dansk og svensk. Og då gjekk det ikkje lange tida før det kom i norske munnar.

Oppgåver og refleksjonsspørsmål:

1. Når me låner ord frå andre språk, kan grunnen vera at me ikkje har noko ord med akkurat den tydinga frå før. Me hadde til dømes ikkje noko ord for virus frå før. Men hadde me eit ord for epidemi frå før? Kjenner du ordet farsott?

2. Veit du om fleire epidemiar enn svartedauden og corona-epidemien som har kome til Noreg?

3. Kjenner du til at ordet karantene vert nytta om ting som ikkje har med sjukdomar å gjera? Har du til dømes høyrt om karantene for politikarar og forballspelarar?

Rolf Theil er professor emeritus (pensjonert professor) i allmenn og afrikansk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. I studietida på 1960- og 1970-talet tok han eksamen i kinesisk, samisk og allmenn språkvitskap. Seinare har han mest forska på afrikanske språk, men også mellom anna på amerikanske urfolkspråk (indianarspråk) og romani, språket til romanifolket (taterane).

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: