Språk og identitet

Alle menneske er fødde med evne til å lære språk. Vi seier at vi er biologisk preprogrammerte for språklæring. Ein viktig føresetnad for at vi faktisk skal begynne å snakke, er likevel at vi blir fødde inn i ein språkfellesskap, altså at dei som er rundt oss, bruker språk og snakkar til oss. Det språket vi lærer, er såleis det språket som er i bruk i det språksamfunnet vi veks opp i.

For somme av oss kan det vere fleire språk; da veks vi opp som to- eller fleirspråklege. Om vi veks opp i eit norsk språksamfunn, er det norsk vi lærer, ikkje for eksempel finsk eller somali. Det eller dei språka vi lærer først, er altså identisk med det eller dei språka som er i bruk i den heimen som vi veks opp i. Vi startar alle med å snakke meir eller mindre slik familiemedlemmene våre snakkar. Vi bruker dei same lydane og dei same orda som dei og lager liknande setningar som dei lager. Grammatikken vi tileignar oss, er lik deira gammatikk. Du kan kanskje tru at det er fordi vi imiterer, altså hermar etter dei rundt oss som snakkar til oss. Men imitasjon forklarer lite av det som skjer. Det vi gjer, er å ta i bruk den språkevna vi er fødde med, samstundes som vi lyttar til språket vi høyrer rundt oss og identifiserer oss med dei som står oss nærmast. Vi kan seie at vi tilpassar oss til omgjevnadene våre.

I Noreg snakkar vi dialekt og tilpassar oss skriftspråket i mindre grad enn i mange andre land. Det inneber at også mange små barn høyrer mykje forskjellig norsk, forskjellige norske dialektar. Likevel ender dei som regel med å snakke om lag slik det blir snakka i familien. I tilfelle der det er ulike dialektar i same familie, ser det ofte ut som det er den lokale dialekten på staden der familien bur, som får ein slags forrang, men ikkje alltid. I starten er det også oftast språket til foreldra det vesle barnet tar i bruk først. Seinare forandrar det seg. Det skal vi komme attende til i ei seinare språkspalte. Du har sikkert alt gissa kvifor vi frå starten av snakkar slik det blir snakka i den familien vi blir fødde inn i, jamvel om vi også svært tidleg i livet høyrer andre dialektar og andre språk. Det handlar om identitet. Vi snakkar slik dei vi identifiserer oss med, snakkar. Frå først av identifiserer vi oss som regel med mor eller far, eller begge. Men det kan òg vere andre omsorgspersonar som står oss nær.

Refleksjonsspørsmål:

  1. Korleis vil du beskrive ditt eige språk jamført med språket til andre familiemedlemmer?
  2. Det første språke vi lærer, blir ofte kalla morsmål. Kvifor trur du vi kallar det nettopp mors mål og ikkje fars mål?
  3. Synest du sjølv at du snakkar annleis no enn da du var mindre, f.eks. før du begynte på skolen, og i dei første skoleåra dine?

Tove Bull er professor emerita (pensjonert professor) i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho er først og fremst sosiolingvist, og har forska på nordnorske språkforhold, språkkontakt mellom norsk og samisk, fleirspråklegheit, språk og kjønn og språkhistorie.

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: