Guoktenuppelohkái

Talet 12 heiter «tolv» på norsk. Det heiter dessutan «tolv» på svensk og dansk òg. På islandsk heiter dette talet «tölf», og på engelsk heiter det «twelve». Vi ser straks at orda for 12 er ganske like i alle desse språka. Norsk, svensk, dansk, islandsk og engelsk høyrer alle til i same språkfamilie, og her er det mange ord som liknar på kvarandre.

På samisk, slik språket blir snakka i Finnmark og Troms, heiter talet 12 «guoktenuppelohkái». Dette ordet er ganske forskjellig frå ordet «tolv». Dei samiske språka og dialektane høyrer til i ein heilt annan språkfamilie enn den som norsk, svensk, dansk islandsk, engelsk og dei fleste  andre europeiske språk høyrer til i.

For folk som ikkje er vane med samisk, kan ordet «guoktenuppelohkái» verke vanskeleg første gong dei møter det. Men det er ikkje noko vanskeleg ord. Ordet kan delast opp i fire slik: guokte-nuppe-lohk-ái. Den første delen (guokte) betyr «to», altså talet 2. Den andre delen (nuppe) betyr «den andre». Den tredje delen (lohk) betyr her «ti», altså talet 10. Den fjerde delen (ái) betyr her «inn i».

Ordet «guoktenuppelohkái» betyr altså «to inn i den andre tiaren», og det blir jo 12. Det samiske ordet for 12 er difor eit heilt logisk reknestykke, det kan skrivast slik: Guoktenuppelohkái = 12. 

For den som likar matematikk, er det lett å lære seg dei samiske tala.

Dersom nokon skulle lure: Dei fleste språka i Europa høyrer til den språkfamilien som vi kallar indoeuropeisk, medan samisk høyrer til den finskugriske språkfamilien.

Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i Guovdageaidnu-Kautokeino.

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: