Lånord og arveord

Det eg hugsar best frå fyrste skuleåret – for 66 år sidan – er ein dag eg måtte så frykteleg tisse. Eg lura på korleis eg skulle uttrykkje meg, for eg visste eg ikkje skulle spørje om å gå ut og tisse eller pisse. Difor spurde eg «frøken» om eg kunne gå på do – og eg fekk lov. Doen låg ute i skulegarden, men eg greidde ikkje opne utgangsdøra! Etter litt strev gav eg opp og gjekk tilbake til klasserommet og sette meg att utan å seie noko – og tissa på meg. Tisset rann ut or kortbuksene mine, nedover beina og samla seg i ein dam på golvet. «Frøken» såg det, og eg fekk gå heim.

I avsnittet over er det 15 lånord: begynne, skule, klasse, frykteleg, tisse, frøken, do, trapp, etasje, elev, do, strev, kort, bukse og samle. Lånord har vi fått frå andre språk, i motsetnad til arveord, som har vore i språket vårt frå dei eldste tider.

Når vi skal snakke om tiss og bæsj, prøver vi å uttrykkje oss så pent vi greier, og det fører til endringar i ordtilfanget vårt. Do, dass, toalett, klosett og wc er lånte av denne grunnen. Når vi tek i bruk slike nye lånord, får dei daglegdagse orda ein mindre «pen» klang.

Til dømes kom do frå nedertysk – språket til hanseatane – og det tyder «å gjere», som på engelsk. Det var «penare» å seie at ein skulle do enn å bruke arveorda skite eller drite.

På 1500-talet lånte vi ordet pisse frå fransk, og lenge var det eit «pent» ord, og ein avløysar for arveordet mige. For over hundre år sidan dukka tisse opp (truleg frå barnespråk) som ein mindre støytande variant – pisse hadde blitt for daglegdags. Vi kan òg seie urinere – som opphavleg kjem frå latin – men det læt kanskje litt høgtidleg?

Rolf Theil er professor emeritus (pensjonert professor) i allmenn og afrikansk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. I studietida på 1960- og 1970-talet tok han eksamen i kinesisk, samisk og allmenn språkvitskap. Seinare har han mest forska på afrikanske språk, men også mellom anna på amerikanske urfolkspråk (indianarspråk) og romani, språket til romanifolket (taterane).

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: