Dialekt og identitet

Både når vi snakkar om språk og arbeider med språk, er det viktig å ha skiljet mellom talespråk og skriftspråk klart for seg. Talespråket vårt er altså den dialekten vi snakkar. Alle i Noreg snakkar dialekt, også dei som sjølve hevdar at dei ikkje gjer det. Det er alltid forskjell på skrift og tale. Vi lærer dessutan å snakke før vi lærer å lese og skrive.

Vi lærer å snakke på den dialekten vi høyrer først, i heimen vår. Ordet morsmål som blir brukt om det første språket vi lærer, seier vi lærer å snakke av mor, og at vi dermed lærer å snakke slik mor snakkar. Det er sjølvsagt ikkje alltid tilfelle, men oftast speler mors mål ei viktig rolle når vi lærer oss å snakke. Og i Noreg er mors mål identisk med mors dialekt. Om mor snakkar den lokale dialekten på den staden der vi veks opp, ein dialekt som også dei fleste andre på staden snakkar, da vil vi som regel halde fram med å snakke denne dialekten i mange år framover.

Det første språket eller den første dialekten vi lærer, sit djupt i oss. Heilt konkret kan det kjennast som om identiteten vår har festa rot i akkurat den måten å snakke på. Det gjeld både grammatiske element og orda vi bruker. Særleg ord som vi bruker ofte, har sterk identitetskraft. Om vi har lært å omtale oss sjølve som æ, æg, je eller i, kan det nesten kjennast som svik å skifte morsmålsforma vår ut med skriftformer som jeg eller eg, eller for den del med ei anna dialektform enn vår eiga. Det same gjeld nektingsadverbet ikkje/ikke. Seier vi det eine eller det andre eller t.d. itte, ente eller itj, sit det langt inne å skifte ut den forma med ei anna. Dialekten vår fungerer såleis som identitetsmarkør. Det betyr at dialekten gir uttrykk for kven vi er, kven vi ønskjer å vere og kva gruppe vi identifiserer oss med.

Slik sett er språkleg identitet ikkje berre noko individuelt, altså noko som fortel kven eg er. Eg-et høyrer til i ei gruppe, på godt og vondt. Den gruppa vi identifiserer oss med, kan også kjennast som ei pressgruppe. Ein kan kjenne seg pressa til å halde på dialekten sin, også om ein av ein eller annan grunn skulle ønskje å snakke annleis. I Noreg blir det ofte felt harde dommar over dei som “knotar”, det vil seie prøver eller blir påverka til å snakke annleis eller på ein måte som blir oppfatta som “finare” enn dialekten ein har med seg heimanfrå.

Likevel er dialektane våre slett ikkje statiske; dei endrar seg og har alltid endra seg. På same måte som variasjon er eit grunnleggjande kjenneteikn ved alle språk, er også språkendring det. Det skal vi komme tilbake til i  ei anna språkspalte.

Refleksjonsspørsmål:

  1. I grammatikken kallar vi ‘eg’ personleg pronomen. Vi seier òg at det er førsteperson eintal. Kva for personleg pronomen bruker du om deg sjølv? Korleis kjennest det å byte ut ditt personelege pronomen (altså det du bruker til vanleg) med ei anna norsk form? Prøv deg med nokre setningar der du snakkar om deg sjølv.
  2. Kva for gruppe identifiserer du deg med språkleg?
  3. Har du høyrt ordet “knot” tidlegare? Kva legg du i så fall i det? Er det eit positivt eller negativt ord?
  4. Kvifor trur du det er slik ein nær samanheng mellom morsmålet vårt og identiteten vår?

Tove Bull er professor emerita (pensjonert professor) i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho er først og fremst sosiolingvist, og har forska på nordnorske språkforhold, språkkontakt mellom norsk og samisk, fleirspråklegheit, språk og kjønn og språkhistorie.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere liker dette: