Samane bur over eit stort område som strekkjer seg frå Kvitesjøen i Nord-Russland heilt sør til Elgå ved Femundsjøen i Sør-Noreg. I dette området blir det snakka fleire samiske språk og dialektar. På alle desse språka og dialektane kallar samane seg sjølve noko som begynner på sam-, sám- eller saem- .
I gammal tid vart samane kalla «finnar» på norsk. Dette ordet er til dømes brukt i namnet på den nordlegaste delen av Noreg, nemleg Finnmark. Namnet Finnmark betyr opphavleg finnane si mark, eller finnane sitt område, det vil seia «det området der samar held til».
På svensk vart samane før i tida kalla «lappar». Den nordlegaste delen av Sverige heiter enno Lappland, som også betyr det landet eller det området der samar held til. På engelsk ser vi òg at samane kan bli kalla «lapps» eller «laplanders» også i dag, og heile det nordlege Skandinavia kan på engelsk bli kalla «Lapland».
Å bruke «finnar» som namn på samane, slik nordmennene gjorde før, var upraktisk. Det høyrdest då ut som om ein snakka om folk frå Finland. Det er mest praktisk å ha det same namnet på det samiske folket både på norsk, svensk, finsk, russisk og engelsk, slik at alle kan vera heilt sikre på kva folk det er tale om.
Det viktigaste er likevel at det alltid er best å kalle folk det som dei sjølve vil bli kalla. Og som vi har sett, samar i alle land kallar seg sjølve noko som liknar på ordet «same». Difor er orda «finn» og «lapp» gått ut av bruk, og det samiske ordet «same» blir no brukt om samane også i andre språk enn samisk.
Du brukar faktisk eit samisk ord når du seier ordet «same».

Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole i Guovdageaidnu-Kautokeino.