Lånord og arveord

Det eg hugsar best frå fyrste skuleåret – for 66 år sidan – er ein dag eg måtte så frykteleg tisse. Eg lura på korleis eg skulle uttrykkje meg, for eg visste eg ikkje skulle spørje om å gå ut og tisse eller pisse. Difor spurde eg «frøken» om eg kunne gå på do –... Fortsett lesing →

Kva betyr karantene, virus og epidemi?

På 1300-talet spreidde svartedauden seg frå land til land, over store delar av verda. På den tida visste ingen korleis sjukdomar spreier seg. Mange byar vedtok likevel at folk som kom med skip frå stader der sjukdom herja, måtte isolerast ei tid før dei slapp i land. I 1448 vedtok senatet i Venezia at isolasjonen... Fortsett lesing →

Kvifor låner vi ord frå andre språk?

Det finst mange grunnar til at vi låner ord frå andre språk. Somtid lurar eg nesten på om det berre er jåleri, som når nokon seier shoulderbag og blame – uttala [bleime] – i staden for skulderveske og klandre. Andre gonger låner vi ord for å unngå daglegdagse ord vi er redde skal verke upassande... Fortsett lesing →

Kalikimaka, keuriseumaseu og jul

Du har kanskje høyrt om det nordamerikanske cree-folket. Før kalla vi dei for ein «indianarstamme», men sjølve likar dei betre at vi kallar dei eit urfolk – eller First Nation, som det heiter på engelsk. Her er eit ord på cree: ᒪᓂᑐᐏᑮᓯᑳᐤ. Cree-folket skriv språket sitt med ei eiga skrift som eg reknar med at... Fortsett lesing →

Kva kan vi bruke emojiane til?🤔

Her ser du fire tekstar der eg har lagt inn emojiar, for å sjå korleis dei fungerer. Tekst 1 er frå ei tenkt lærebok i matematikk, Tekst 2 er ein tenkt dødsannonse frå Andebyposten, Tekst 3 er frå skodespelet Peer Gynt av Henrik Ibsen og Tekst 4 er ei SMS-utveksling. Tekst 1 Emojiar er ikkje... Fortsett lesing →

Emojiar

Sjimpansen øvst til venstre på Bilete 1 er leiken – og han øvst til høgre er redd. Desse nære slektningane våre har mange ansiktsuttrykk – men vi har endå fleire, mellom anna fordi vi brukar både munnen og auga. Fjesa på Bilete 2 og Bilete 3 smiler begge to, men ikkje like hjarteleg! Sjimpansane kommuniserer med ansikt, hender og lydar. Det gjer vi òg, men... Fortsett lesing →

Blogg på WordPress.com.

opp ↑